Arkivplan.no

Arkivplan for Norddal kommune

Mot Tafjorden

Arkivplanen gir bindande retningsliner for behandling av all informasjon og dokumentasjon i Norddal kommune.

Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene. Arkivplanen skal bidra til at Norddal kommune ivaretek arkivansvaret sitt etter arkivlova sin § 6 der det heiter: "Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vera ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid."

Rådmannen har det overordna arkivansvaret (jfr. arkivforskrifta § 1-1).

Arkivleiar har det daglege ansvaret for kommunen si arkivteneste og utarbeider planar for denne.